Amalie

Rotary Markets

Skrevet 20.10.2014 klokken 07:17 | Kategori: Australia | Kommentarer: 1


Hei alle sammen!

No er det ei lita stund sida sist, og det har egentlig skjedd veldig lite sida då.

Skulen har byrja på igjen, noko som egentlig er ganske deilig. Då eg tek både R1-matematikk, fysikk og kjemi, i tillegg til å prøve å halde følgje med historie og norsk heime OG ta spansk i Distance Education, så kan det bli litt slitsomt til tider. Eg kjem meg heldigvis gjennom det, og det er deilig å vite at eg ikkje må ta opp igjen VG2 når eg kjem heim igjen. Det er egentlig det som held meg gåande i timane. Det er også veldig vanskelig å lære seg alt heilt sjølv til tider, så nokre gonger er eg litt bekymra om at eg kjem til å kome heim igjen uten den kompetansen eg må ha til å kunne fullføre og få gode karakterar i VG3. Samtidig har det gått ganske fint, så eg trur ikkje det vil bli nokre veldig store problem egentlig.

Tilbake til overskrifta - på laurdag hadde eg min eigen stand på markedet! Eg tok meg fri frå skulen på fredag for å bake. Eg baka fylte horn, bollar, skulebollar, kanelsnurrar, mormor sine karamellkjeks, julemannar og kvæfjordkake. Mange av desse tinga hadde eg aldri laga før, men eg overraska meg sjølv virkelig og resultatet blei faktisk veldig bra.

Eg brukte vel sikkert 58$ på ingredienser og diverse, så målet var vel egentlig å få meir enn det for faktisk å tjene litt på det. Då dagen var ferdig og vi telte opp pengane kom vi fram til at eg faktisk hadde fått inn heile 210$ (ca 1200kr), og det på berre 4 timar!!! Eg tjente altså ca 900kr som går rett i sparegrisen til safari. Dagen var altså en suksess, folk hadde kun gode tilbakemeldingar, og eg kjem definitivt til å gjere det igjen så snart eg kan.

Neste gong trur eg blir første helga i desember, så difor skal eg lage til eit skikkeleg norskt julekakebord.

I dag er det faktisk berre 65 dagar til familien kjem, og eg gledar meg sinnsjukt masse. Blir veldig deilig å få familien ned hit for å feire jul, nyttår og 18'årsdagen min (ei veke på forskudd). Eg har også vore her i 89 dagar. Heilt sjukt kor fort desse 89 dagane har gått. Snart har eg vore her i heile 100 dagar!

Første helga i november er det Classic Yass her i Yass. Same helga var det egentlig Tumut Weekend med dei andre utvekslingsstudentane, men sida det er Classic Yass og Tumut kostar 70$ valgte eg heller å spare desse kronene. Interactklubben i Yass (som eg faktisk har blitt internasjonal direktør i) har også masse å gjere, så difor skal eg heller bli heime. Der er også eit Billy Kart Derby (olabil-løp) som vi i Interact både skal hjelpe til med, intervjue deltakere og kanskje også delta i, og då må jo eg såklart vere med?!

Det er vel egentlig det eg har å kome med foreløpig trur eg.. Så snart som mogleg skal eg også skrive eit innlegg om forskjeller eg har funne mellom Australia og Norge :)




. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

1 kommentar

Tomakin - South Coast

Skrevet 02.10.2014 klokken 08:35 | Kategori: Australia | Kommentarer: 2


Søndag kveld køyrde eg, Lilja og vertsmor Lisa ned til Tomakin, som er ved kysten, og det tek ca 2,5 - 3 timar å køyre dit. Tirsdag kom vertsbror Michael og vertsfar Scott også ned.

Tomakin var ein ganske liten og koselig plass, og minte meg ganske mykje om syden egentlig. Det var ganske varmt, alt frå 20 til 30 varmegrader. Einaste minuset var at det var ganske vindfult, så å liggje på badestranda vart litt utriveleg etter kvart. Fekk likevel bada og sola meg litt!

Vi kom heim no idag, etter nokre fine dagar på kysten. Tirsdag byrjar skulen på igjen, noko eg egentlig ser litt fram til. Det er mykje lettare å byrje å savne og tenke heimover når eg ikkje har så veldig mykje å finne på, så det skal bli deilig å komme inn i rutine igjen. Tell også ned dagane til mamma og pappa kjem, som er om 82 dagar! Kun 10 dagar meir enn eg har vore her, så eg trur nok tida kjem til å gå raskt til då.























. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

Dette er Yass

Skrevet 01.10.2014 klokken 13:22 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


Tok nokre raske bilete av lille, og en smule uinteressante, Yass. Tenkte det var på tide at dykk fekk sjå kvar eg faktisk bur.


Dette er da den meget kjente "Yass River". Den renn gjennom Yass. Meir har eg egentlig ikkje å seie om den.


Dette er Comur Street. Også gammalt kjent som Yass Valley Way. Det er hovudgata. Det var visst nok ein motorveg som gjekk gjennom her i cowboytida, noko som har satt preg på bygningane her, då alt ser ganske gammalt og cowboy-landsby-aktig ut. Litt kult men ikkje særleg vakkert, spør du meg.



Yass har 2 rundkøyringar og 1 1/2 lyskryss meir enn Stranda (altså 2 rundkøyringar og 1 1/2 lyskryss). Ganske spesielt, men okey.


Dette er Walker Park. Her er det 3 fotballbaner (europeisk fotball) og ei Rugby League bane. Også andre sportar blir spelt her, blant anna touch - som eg byrjar å spele allereie onsdag. Vurderar å bruke det at beinhinnebetennelsen er tilbake til å stå over første kampdag - men det er kanskje litt for feigt.. 




Dette prøvar dei å lure meg til å tru er ei 11-er fotballbane. Verken måla eller størrelsen på bana er i nærleiken av å likne ei 11-er bane. Ganske skuffande, men eg bør vel kanskje vere glad så leng eg faktisk får spele fotball!

Utkikk over Yass. Her ser du kor flatt det er. Dette er det mest tettbygde området, altså "sentrum".

Her ser du meir kor spredt det er her. Gårdsbruk - då spesielt saudar og kyr - og vinproduksjon er det ein driv med her. Ganske landleg plass, og på nokre måtar minnar det meg litt om Stranda. Sett vekk frå det meget vakre fjellandskapet og fjorden..






Dette er då Yass High School. Ikkje noke særleg spennande - ein ganske OK skule, og eg trivs egentlig ganske godt her.



Dette var Year 11 area, altså der vi i Year 11 hang i "friminutta" (recess og lunsj), men sidan vi no etter ferien er Year 12, har vi eit anna rom å henge i. 

Dette er då Wargeila Road. Ein svingar ned til høgre frå hovudvegen, på nordsida (om eg ikkje tek feil...) av Yass. Ganske sjuk fartsgrense spør du meg. Det er hit ut eg brukar å jogge, då det er ca 5 km herfrå til huset mitt og tilbake.

Så svingar ein til høgre ut på Fairy Hole Road, altså ein dirt road. 

Sidan eg kom har det blitt gjort mykje arbeid på vegen, då vegen var meir høl enn faktisk veg . Eg likar faktisk dirtroaden no, då den har liksom eit slags australsk særpreg over seg, føler eg. 

Så cirka 10 km frå Yass bur eg, og dette er huset eg bur i.

Yass var ein liten overraskelse for meg då eg kom. Eg var ikkje sikker på om eg likte det. Enda mindre sikker var eg på det å bu så langt vekk. Eg kan ikkje sykle eller gå frå her eg bur, då det er meget langt, og sjølv om landskapet er ganske flatt, har det likevel ganske mange bakkar opp og ned overalt. Kunne såklart prøve å sykle, men det kunne tatt både tid og krefter. Skulle hatt scooteren her, gitt.. No som eg har budd her i 2 månadar, kunne eg egentlig ikkje vere meir fornøgd. Eller det kunne eg sikkert, men eg er likevel ganske glad for at eg havna opp her, og eg er sikker på at når eg reiser heim har eg blitt veldig glad i denne lille plassen. 

No når det er vår har det byrja å bli grønnare på markene. Skuffelsen er berre det at om eit par-tre månadar byrjar det å bli brunt igjen, på grunn av varmen.

Eg har no hatt nokre fine dagar på kysten, og vi reiser heim imorga. Skal prøve å få blogga om turen når eg kjem heim.

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

hits