Amalie

2 månadar inn

Skrevet 21.09.2014 klokken 03:11 | Kategori: Australia | Kommentarer: 7


Eminem / Sia: Guts Over Fear

 

I går var det 60 dagar sida eg kom til Australia. Forrige tysdag var det 8 veker. På tysdag er det 9. Mitt 2 månaders jubileum er i morgon.

 

Desse siste en-og-seksti dagane har både vore dei beste og dei verste dagane i mitt liv. Eg sleit ufattelig med heimlengsel dei første dagane. Eg kan ikkje hugse å ha vore så langt nede nokon gong. Alt eg tenkte på var å kome heim til fanget til ho mor og han far. Å nyte lange sommarkveldar med den beste vennegjengen eg nokon gong kunne hatt. Å streve oppover fjellsidene, og deretter nyte utsikta over verdas finaste landskap.

 

Men nei, i staden var eg på andre sida av jordkloten, i 6 grader, heilt aleine med ukjente folk, ein ukjend stad og med døgnet snudd heilt på hovudet. Eg hadde heller ikkje noko som helst slags moglegheit for kommunikasjon med noko av det eg kjente frå før. Dagane og spesielt nettene blei lange og tårevåte.

 

 

 

Etter at eg byrja på skule og fotball, kom litt meir inn i språket, og i tillegg fekk tilgang på mobildata, blei ting straks mykje betre. Eg opna augene mine meir for det som skjedde rundt meg her. Eg fekk raskt kontakt med mange kjekke folk på skulen, og eg følte meg meir og meir heime hos vertsfamilien min.  

 

 

Heimlengselen byrja sakte men sikkert å forsvinne, litt etter litt. Då tida var inne for vår første studentsamling i Tuross, var heimlengselen (ikkje saknet, men sjølve lengselen) så godt som forsvunne. Men igjen så fann eg meg på ein heilt ny plass, med heilt nye folk. Heimlengselen kom sigande igjen.

 

Ein glede i det heile var at eg fekk møte ein gut som skal på utveksling til Stranda i januar. Nesten med tårer i augene, fortalte eg om alt han kunne glede seg til; snø, ski, fjord, fjell, ekstremt vakker natur og flotte folk. Stakkars guten kan hende han reiser til Stranda med for store forhåpningar så grenselaust positiv eg var, og eg håper verkelig dykk der heime prøver det beste dykk kan for å leve til forventingane hans (beklagar for det). Som utvekslingsstudent, veit eg kor kjekt det er når folk tek deg med på ting, og verkeleg viser genuin interesse for kvar du kjem frå og for kven du er.

 

 

Dei siste vekene etter det har gått ufatteleg raskt. Før eg reiste fortalte alle meg om kor fort tida faktisk kjem til å gå, og dei hadde heilt rett. Det er heilt utruleg at eg allereie har vore her i heile 2 månadar. Eg ser på dei 10 neste månadane med litt blanda kjensler. Eg har det utruleg bra, og eg veit ikkje heilt kva eg hadde synes om å måtte reise heim no, men samtidig skal det bli godt å få vere rundt kjende omgivnadar igjen. Nyte Stranda, nyte Bergen, nyte Noreg, og ikkje minst familien og vennane.
 

Om 3 månadar kjem familien min, både mamma, pappa, Sander og Karoline, for å besøke meg. Det gler eg meg sinnsjukt til. Eg gler meg ufatteleg til å feire jul med dei her i Yass, nyte Sydney på nyttårsaftan, vise dei fantastiske Brisbane og oppleve koralrevet i Cairns for første gong med dei. Det blir fantastisk å vise dei alt det utrulege Australia har å by på.  

 

 

Ikkje misforstå meg, eg er utruleg glad for å ha tatt det store valet eg gjorde for eit år sidan. Eg er ikkje minst ufatteleg stolt over meg sjøl. Ikkje før no, skjønte eg kva tidlegare utvekslingsstudentar meinte med utrykket «exchange isn't a year in your life, it's a life in a year». Eg har allereie byrja å byggje eit nytt liv, heilt annleis frå det eg har levd dei siste 17 åra av mitt liv, og sjølv om det er utruleg skremmande, har eg verkeleg trua på at dette året kan bli det beste hittil.

 

Tusen takk, kjære mamma og pappa, som lot meg gjere dette. Eg er uendeleg takknemleg for at eg har dykk, og at dykk alltid har vore såpass støttande til alle mine ambisiøse sprell. Uendeleg glad i dykk. 

 

Også takk til alle dykk som følgjer med og kommenterer innpå her, dykk gjer den lille timen det tek å skrive ned tankar og opplevingar verdt å bruke.

 

Berre ei lita kjensle-oppdatering får meg. "Vårferien" har no byrja, og eg skal nyte enda to veker med fri frå skule (hadde i alt ein heil månad), ved å leggje meg i hardtrening før touchsesongen (ein ganske australsk sport, google det gjerne) byrjar etter ferien. Eg skal også til kysten i nokre dagar saman med vertsfamilien min, og kanskje også Lilja. Blir flott!

 

Skal forresten også byrje å spele australsk fotball neste vinter (sommar for dykk) - noko som fort kan bli ekstremt spennande.

 

Nyt norsk haust og vinter, her byrjar temperaturen sakte men sikkert å stige. Veit ikkje om eg gler eller gruar meg til 30-40 grader i juletider, men det er i alle fall på veg ..


. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

7 kommentarer

Sydney og Presentation Night

Skrevet 14.09.2014 klokken 12:48 | Kategori: Australia | Kommentarer: 2


Tideleg onsdagsmorgen tok eg bussen frå Canberra til Sydney for å besøke Pernille for eit par dagar. Etter ein tur heim til ho for å skifte drog vi ned på Sydney Harbour for å sjå på operahuset og Harbour Bridge. Been there, done that - var ikkje sånn kjempe, kjempe spesielt liksom, det var noko kult man berre må sjå, men noke meir enn det var det ikkje. Anbefalar likevel å ta turen innom da såklart. Deretter tok vi toget/metroen til "sentrum" der kjøpesentra er, for å shoppe litt. På kvelden gjekk vi bort til IKEA for å ete kjøttbollar og kjøpe nokre skandinaviske matvarer. Var ikkje same kvalitet på kjøttbollane, men guri det skal bli godt med knekkebrød og heimelaga brød med brunost! 















På torsdag drog vi til Manly Beach, kun ein halvtimes fergetur unna brygga. Grunnen til at vi drog til Manly istedet for Bondi Beach er fordi Bondi er meir ei turistbadestrand mens Manly er mykje finare. Og det var den!! Det var ei kjempefin badestrand, og området Manly var utrulig fint. Ut på dagen kom det ein dansk utvekslingsstudent, som vi snakka litt norsk-dansk-engelsk med. Resten av kvelden berre slappa vi av heime.











På fredag hadde vi Rotary møte klokka 7.30 på ein båt på Harbour Bridge. Kjekt og ein absolutt ny opplevelse å møte en ny Rotary klubb. Etter å ha slappa litt av etter det drog vi til Oxford Street for litt shopping. På kvelden gjekk vi på kino - der vi såg "The Giver". Eg syns det var ein bra film, men sida Pernille ikkje likte den, reknar eg med det kjem litt ann på kva type filmar ein likar.

Lørdagsmorgen tok eg bussen heim igjen, fordi eg hadde Presentation Night for juniorlaga 12-18 i fotballklubben. Det var ein kjempekjekk kveld. U17-jentene (oss) og U18-guttane måtte pynte seg, sida vi var dei eldste laga. Eg fekk ei "signert" fotballdrakt med laget, som eg får ta med meg heim igjen - spørs om den ikkje må hengast opp på veggen heime. Etterpå vart det eit Maccas-run med laget. 













I dag har eg berre jobba med matte, for å prøve å fullføre kapittelet om vektorar. Sida eg må lære meg alt sjølv, går det litt saktare enn det ville gjort om eg hadde gjort det heime med lærarar tilgjengeleg. 

Det var vore nokre vellykka siste dagar. Sydney var flott, men ikkje den mest fantastiske byen eg har vore i. Eg likar både Brisbane og Melbourne betre - men det er ein by ein bør innom likevel. Takk for nokre flotte dagar, Pernille!

Imorga kjem den finske jenta Lilja på besøk - og eg er klar for mi 9. veke i Australia! 

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

ADFA, Burgmann og Brisbane

Skrevet 07.09.2014 klokken 05:02 | Kategori: Australia | Kommentarer: 4


Den siste veka har vore relativt travel og fylt med nye opplevelsar, så eg beklager mangel på innlegg den siste tida.

Forrige laurdag var eg på ADFA (Australian Defence Force Academy), fordi min eldre vertsbror Sean er i forsvaret der. Det var altså ein åpen dag, og eg fekk sjå mykje av det dei driv med. Eg trur ein kan kalle det ein slags befalskule (??), der dei tek utdanning/div. fag samtidig som dei trenar seg opp i forsvaret/marina/luftforsvaret. Det var ein skikkeleg kul dag, og eg er ganske gira på luftforsvaret eller marina (helst luftforsvaret - ser ganske kult ut å leike seg i lufta med fly) når eg er ferdig med VGS!

Ditta skal vere meg om ett par år ;))

Her demonstrerar dei eit angrep

 

På mandag og tirsdag var eg på Burgmann, Michael sin skule i Canberra, for å sjå korleis det er å gå på ein privatskule. Mandagen fulgte eg ei jente i Year 11, og tirsdagen var eg med på ei uflukt med Year 10, der vi gjekk 20km gjennom eit naturreservat. Kjekt, men ganske kaldt og vått.





På mandagskvelden drog eg, presidenten i Yass Rotary og to andre til Harden for å delta i Harden Rotary sitt klubbmøte. Der møtte eg deira utvekslingsstudent, ei veldig hyggeleg jente frå Østerrike. Tirsdag var det som vanleg møte i Yass Rotary, og det var like kjekt som alltid! Eg har faktisk delteke på alle møta (bortsett frå dagen eg kom såklart) sidan eg kom, og eg har planar om å fortsette å møte opp så ofte eg kan. Rotary er ein fantastisk organisasjon, med fantastisk hyggelege mennesker. Pluss der er gratis mat og gratis WiFi, men det er ikkje så viktig... :)))

Onsdagsmorgen tok eg og vertsmor Lisa fly til BRISBANE! Ho hadde eit forretningsmøte der, så då hang eg meg på og fekk oppleve min 3. australske storby sidan eg kom for snart 7 veker sida! Då ho var på møte mesteparten av onsdagen, vandra eg rundt i Brisbane by heilt aleine. Litt for mange dollar blei brukt, men eg er fornøgd med kjøpa, så det er vel det viktigaste! Brisbane var ein fantastisk flott by. Brisbane er på ein måte bygd rundt den krumma elva som renn gjennom byen, og eit område som heiter South Bank hadde faktisk ei slags badestrand nede ved elva. Det var skikkelig fint, og eg kan gjerne tenkje meg å reise tilbake når som helst - i tillegg var det ganske mykje varmare der enn her i Yass (det var 28/29 grader i Brisbane).









På torsdag reiste eg og Lisa til ein slags dyrehage som heiter Long Pine Coala Sanctuary. Der fekk eg klappe, mate og kose med kenguruar, halde ein koala og også halde ein slange. Det var skikkelig kult, og eg trur eg lasta opp litt vel mange sekund med film på snapchat.. Vi tok flyet heim igjen torsdagskvelden, etter 1,5 meget kjekt og vellykka døgn i Brisbane!














Gud som eg hatar dette biletet - slangen kvalte meg nesten så anstiktet mitt ser heilt sjukt ut



På fredag kom ein pakke heimanfrå med norsk godteri, kakao, french fries, ullragga og brev - noko som var utruleg godt. Eg har ikkje åpna noko av det enda, då eg skal byrje på ein slags "diett" imorgon - og det einaste søteriet eg har lov å ete er det frå Norge. Blir utruleg deileg å smake norske varer igjen ♥ Mange tenkjer sikkert at det er veldig snart å byrje å savne slike småtteri etter berre snart 7 veker, men eg skal vere ærleg å seie at eg savna det frå veke 1. Det å endre matvanane og dietten sin så drastisk - og å ha i bakhaudet at dette er slik ein kjem til å ete i eit heilt år - gjer at savnet kjem ganske raskt. Ting kan likne på det ein et heime, men samtidig så smakar det heilt annleis. Eg har oppdaga at hamburgarane blir laga på ein HEILT spesiell måte - noko eg aldri hadde trudd, då hamburger er ein såpass internasjonal rett. Eg spesialbestiller fortsatt hamburgarane mine her, for å få den mest mogleg likt heime. Poenget mitt er, at sjølv om det berre har gått 7 veker, så følast det så utruleg mykje lenger, og savnet etter ting heime (ikkje som i heimlengsel) kjem ganske fort, og å endelig få noko "kjent" hit var utruleg godt, så tusen millionar takk for det, kjære mamma og pappa ♥

Litt seinare på fredagen kom Lilja (finsk utvekslingsstudent som bur i Tumut, ca 1,5 timar herfrå) på overnattingsbesøk. Vi åt middag med Ally (ho skal til Finland på utveksling i januar) og tilbrakte kvelden der borte. I går feira vi bursdagen til Ally med Laser Tag og lunsj i Canberra, før eg reiste heim igjen for å spele kamp. Den kampen tapte vi, dessverre (eg er framleis meget nedfor og forbanna for det - då eg hatar å tape over alt på jord). Etter ein ny runde Ice Bucket Challenge (eg gjorde det forrige laurdag også) og ein kjapp dusj, kom Ally hit, og vi åt middag, spelte zombiespel og såg film. Ein kjekk kveld!

 

Det var då siste vekene! Eg har ikkje skule før 7. oktober no - altså ein månad, så onsdag reiser eg til Sydney, lørdag er det Presentation Night for juniorlaga i fotball, så kjem Lilja for å overnatte i ei veke, og deretter reiser eg til sørkysten med vertsfamilien. Eg har nokre travle men spennande veker foran meg. Eg gler meg :)

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

4 kommentarer

hits