Amalie

Surfecamp + fun weekend

Skrevet 04.03.2015 klokken 07:53 | Kategori: Australia | Kommentarer: 2


Heisann!

Sida sist har det som vanleg ikkje skjedd sånn fantastisk mykje, eeegentlig. Har vore på to nye utvekslingsarrangement, rebounder-camp og surfecamp. Rebounder-camp er ein weekend for alle dei heimkomte utvekslingsstudentane, der dei avsluttar året sitt og held presentasjonar. Det var ei koseleg helg, kanskje av dei beste helgene eg har vore på i regi av Rotary. Eg trur eg åpna meg mykje meir denne helga, og var litt meir sosial (er ikkje heilt rette gjengen folk for meg, så har hatt litt problem med å vere heilt meg sjølv rundt dei)

.

Yass Crew!! Lucy, Lara, meg og Verdi!

For eit par veker sidan reiste eg på surfecamp, som var i Mollymook, nærme Ulladulla. Instruktøren våra var Pam Burridge, som faktisk er ein tidlegare verdensmester i surfing. Det var kun eit slags introduksjonskurs, så alt vi lærte var å padle og å stå opp på brettet, noko eg har gjort før, så eg stod med glans. Fekk til og med høyre frå Pam at eg ikkje hadde hatt noko problem på dei grøne (dei store og ubrotne) bølgjene, noko som var kjekt å høyre! Får sjå om eg får tid til litt surfing i Byron Bay på safari. Vi hadde altså to dagar med surfing i Mollymook, før vi reiste vidare opp til Nowra, der vi blei plassert i vertsfamiliar for helga. På laurdagen hadde vi eit "tree climb adventure", der vi fekk på oss "klatreutstyr" og klatra i stigar og på forskjellege utfordrande hindringar i trea og langs fjellsidene. Det var absolutt ei ny og ganske kul oppleving. På søndag hadde vi vannaktivitetar, som vannski, tube og jetski. Viste fram vannskiferdigheitene mine og flira så tårene trilla på tuben. Absolutt ei super helg, sjølv omeg var veldig sliten når eg kom heimatt på søndagen. Eg skal også innrømme at eg savna heim til Yass ein del også...

Vi hadde også ei koreansk jente som budde med oss i 10 dagar, då Yass High hadde eit slags liknande "comenius prosjekt" med ein koreansk skule. Ho var ganske sjenert og innadvent i byrjinga, men då eg kom heim frå surfecamp var ho litt meir utadvent og grei å ha med å gjere. Eg får dessverre ikkje reist til Korea, då Yass High ikkje reiser dit før i haust (vår i Australia).

For nokre veker sidan var det også "swimming carnival" på Yass High. Altså ein heil dag med forskjellege svømmekonkurransar. Eg konkurrerte i absolutt alle 50-meterane, både i butterfly (som eg gav opp på å prøve å svømme skikkeleg), rygg, bryst, crawl og stafett! Vant rygg og crawl faktisk, noko som var kjekt, sida eg aldri i livet har svømt skikkelig.

Ellers har eg kun vore på skule, spelt touch, fotball og tennis sidan det. Har byrja å spele tennis kvar mandagskveld på eit lag i ein sommarkonkurranse, noko som også er ganske nytt for meg. Blir betre og betre for kvar veke, så er ganske kjekt det også. Eg er ikkje veldig god enda, men kjem vel etter kvart forhåpentligvis. Er også påmeldt på damelaget i fotball, skal trene med U18-guttane og skal trene U12-laget!!

I kveld etter touch reiser eg, Brooke, Shirree og Matt til Wollongong for å sjå Brooke svømme i regionals! Så kjem vi heimatt igjen før fotball på fredag. På lørdag blir det 18-års bursdagsfest for Matt, noko som blir veldig kjekt! 

På tirsdag skal eg faktisk på trials/prøvespeling for regionslaget South Coast i Wollongong. Veit ikkje kor store sjansane er for at eg kjem inn, men det blir absolutt ein kul oppleving, også blir det å komme inn som ein bonus. Er ikkje alle som blir sendt på trials heller, så er veldig glad for berre å få sjansen. Er også KAPTEIN på skulelaget i fotball - noko eg er utruleg stolt av. Er klar for å knuse det som visstnok skal vere vår hardaste motstander på onsdag.

Skal også skrive eit lite kjensle-innlegg igjen, berre for å få klarna hovudet, også kanskje dykk kan få litt innblikk i korleis det føles for ein utvekslingsstudent når ein innser at det kun er 4 fantastiske månadar igjen....



. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

hits