Amalie

Heimlengsel - ærligheit

Skrevet 11.01.2015 klokken 11:39 | Kategori: Australia | Kommentarer: 3



Michael Bublé - Home

I går tok eg farvel med familien igjen. Eg har hatt nokre heilt fantastiske veker saman med dei. Eg trur eg kan seie at det er dei beste vekene sidan eg kom. Difor tek eg meg sjølv i å tenkje, kva betyr det egentlig? Utveksling handlar jo ikkje om familiebesøk? For meg er utveksling å vere sjølvstendig, oppleve ein ny kultur og bli kjend med meg sjølv - og å oppleve fantastiske, nye ting og møte nye supre menneske. 

Eg skal vere ærlig og seie at eg har telt dagar, veker og månadar. Heilt sidan eg kom. Kor mange veker det er sidan eg kom, kor mange månadar eg har vore her, og kor mange dagar det er til eg reiser heim igjen. Eg ser fram til dagen eg reiser heim. Eg gler meg til å lande på Vigra, sjå vennar og familie og leggje meg ned i godsofaen og sjå på norsk TV. Eg savnar heim. Eg har rett og slett heimlengsel. Ofte.

Det ville vere løgn å seie at eg ikkje får panikk når eg tenkjer på å reise herfra heller. Eg vil ikkje reise fra livet eg lev her. Eg har det jo heilt supert. Alle behandlar meg bra, eg får oppleve masse og alt er som det skal. Eg vil heilt sikkert savne mitt australske liv. Ganske så garantert, egentlig. 

Følelsane mine er så blanda. Eg er alltid ein stad mellom å vere heimesjuk og å vere høg på utvekslingslivet. Nokre gonger er smilet stort som sola, og eg er fantastisk fornøgd med livet. Andre gonger kunne tårene mine oversymd storelva om og om igjen, og alt eg treng er å snakke med mamma og pappa. 

Eg har aldri satt nok pris på kva eg har heime. Eg har alltid satt pris på det, men ikkje nok. Eg har ein fantastisk familie, og eg kjem fra ein super stad. Eg elskar rett og slett det norske livet mitt alt for mykje. Det gler eg meg til å kome heim til.

Dette får meg til å tenkje at eg ikkje set nok pris på alt eg får oppleve her i Australia. Eg har det jo heilt fantastisk bra, og fleirtalet av dagane her tenkjer eg ikkje på så mykje anna enn "akkurat her og no", og eg har det fint. Eg får dårleg samvittigheit av å vere heimesjuk. Rett og slett. Men eg treng å vere det.

I går tok eg farvel med familien igjen. Det var av dei verste dagane i livet mitt. Eg gret heile dagen. Eg prøvde å nyte kvar av dei siste timane eg hadde med dei. Kvart eit sekund. Men så tok eg meg sjølv i å tenkje på kva som skulle skje seinare om kvelden, og tårene fossa ut. Å bestille den første mulige billetten heim har aldri frista meir. Eg trygla familien om ikkje å reise heim. Eg ville ikkje gi slipp. Ikkje no. Aldri igjen. Men det måtte skje. Aldri i livet om eg kunne ha reist heim, såpass skylder eg Rotary, familien og meg sjølv.

Eg får klump i halsen, og tårene renn, berre av å skrive om det. Akkurat no har eg det rett og slett heilt jævlig. Det føles uutholdelig. Men veit du kva? Det var verdt det. Desse vekene eg fekk med mamma, pappa, Karoline og Sander var verdt det, og eg ville gjort det om og om igjen. Eg treng berre å komme meg gjennom heimlengselen. Atter igjen. Og det skal eg. Det vil eg. Eg har kome over halvveis, og no skal eg nyte det. Skikkelig. Eg elskar utveksling, men eg hatar at det betyr at eg må vere vekke fra det vanlege livet mitt.

Så om du skal på  - eller har ein unge som skal ein gong skal på - utveksling, aldri i livet nøl med å få/reise på besøk. No har eg noko å leve på. Minner som er der for alltid - minner fra utvekslinga mi eg faktisk kan dele med familien. Dei veit kva eg snakkar om når eg snakkar om touchkampen min. Dei veit kor eg er når eg skal på biblioteket. Dei veit kven eg er med når eg er "heime". Det føles så fantastisk utruleg bra.

Men for no skal eg tåre litt til, så er eg klar for siste halvdel. Det skal bli bra. Så er det like før eg ser dykk alle igjen. 







. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

3 kommentarer

Familiebesøk

Skrevet 11.01.2015 klokken 10:30 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


Hei alle sammen!

Den 24. desember var av dei beste dagane i mitt liv. Då eg såg dei endeleg komme gjennom dørene på flyplassen i Sydney, banka hjertet mitt så fort som det aldri har banka før, og tårene rant. Det var av dei beste følelsane nokon gong. Å endeleg få klemme mamma og pappa, etter så alt for lenge. Det kan ikkje beskrivast eller tenkjast seg til, det må opplevast. Så utrulig fantastisk var det.

Etter ein liten frokost på McDonalds tok vi bussen til Canberra, der ein i Rotary henta oss. Vi prøvde å speide etter kenguruar på vegen til Yass, men oss kom fram til huset vi lånte (frå ei frå Rotary) uten ein einaste ein i sikte.. Etter å ha skifta og komt oss litt til rette gjekk vi opp på Walker Park, der eg hadde fått nokre folk saman for å vise familien min ein kamp med touch. På veg opp fekk eg og vist dei litt rundt i Yass. På kvelden åt vi middag med Brooke og Shirree (som no er vertsfamilien min), slik at familien min blei kjent med dei også!

1. juledag blei feira med vertsfamilien min. Det er altså julelunsj, i staden for julemiddag, ein et her. Sjølv om det regna, blei det ein kjekk dag, med masse fine gaver og morosame spel. Personleg føretrekk eg den norske jula, men det var ein ny og veldig annerleis opplevelse. 

2. juledag reiste vi til ein vingard for vinsmaking saman med Kirsty (president i Yass Rotary), før eg viste dei rundt i Canberra, der vi drog på eit utkikspunkt og køyrde rundt parlamentsbygninga. Natt til 27. reiste mamma og pappa til New Zealand for å besøke Natalie, som var utvekslingsstudent på Stranda for nokre-og-tjue år sidan. I mellomtida var eg, Sander og Karoline framleis i Yass, der vi drog på shopping i Canberra, spelte tennis og var ute ved elva saman med Brooke og familien for å stå på vannski. 

På nyttårsaftan tok eg og søskena mine bussen til Sydney for å møte mamma og pappa på flyplassen igjen. Etter mykje styr om kvarr/korleis vi skulle lagre bagasjen medan vi var i Sydney (då vi skulle ta flyet tidleg morgonen etter og ikkje skulle bu på hotell), kom vi oss endeleg inn til byen for å oppleve fyrverkeria. Etter ein god middag på ein gresk restaurant, gjekk vi til The Rocks for å sjå fyrverkeria ved midnatt. Det var ganske kult, sjølv om vi ikkje såg så bra som vi skulle ønske. Deretter blei det toget til flyplassen, og venting på at flyplassen skulle åpne, før vi sjekka inn bagasje og satte oss på flyet opp til Cairns klokka 6 første nyttårsdag.

Då vi endeleg kom fram til hotellet i Cairns, måtte vi vente ei stund ved bassenget før vi fekk kome inn på rommet. Rommet våra var kjempestort og veldig bra, så det var ein fin overraskelse. På kvelden gjekk vi inn til sentrum av Cairns for å feire bursdagen til kjære mamma ? Der åt vi på en indisk restaurant.

2. januar var det tid for opplevelsestur til korallrevet. Dit ut tok vi båt, og der fekk vi snorkle over korallrevet, ta ein "undervanns-båt" der vi såg skilpadder, og vi fekk ein slags "tropisk" lunsj. Dette var ein veldig vellykka dag, og det var veldig kult å sjå korallrevet, med fiskar, skilpadder og undervannsplantene. Pappa og Karoline fekk faktisk også sjå haiar!

Deretter hadde vi ein dag der vi berre slappa av (med andre ord drog på shopping), før vi drog på ein guida tur til regnskogen den 4. Dessverre regna det hardt den dagen (noko som kanskje gir litt meining, då det faktisk er kalla ein regnskog). Vi såg ingen krokodiller i elva, men det var likevel kult å sjå alle dei ulike plantane i regnskogen. Vi fekk gå rundt i regnskogen, og vi gjekk også på badestranda der Captain Cook kom inn. Vi fekk også ein liten presentasjon frå ein ekte aborginier, om kulturen og trua deira!

Dagen etter det slappa vi av ved bassenget og spelte litt tennis, før vi tok flyet til Gold Coast neste dag. I Gold Coast leigde vi ein bil, og køyrde til hotellet vi skulle bo på (i Surfers Paradise). Hotellet var også her kjempefint, og det låg rett ved badestranda. På onsdagen drog vi til Dreamworld, ein av dei største fornøyelsesparkane i Australia. Det var ein veldig, veldig kjekk dag, der vi alle fekk utfordra oss sjølv i mange forskjellige karusellar. Saman med 3-dagerspasset til fornøyelsesparkane fekk vi også pass til eit observasjonstårn der vi fekk utsikt over heile Gold Coast. På torsdagen drog vi først ein liten tur til South Bank i Brisbane, før vi drog til White Water World, som ligg rett ved sidan av Dreamworld, og er eit lite badeland. Der tok vi nokre kule sklier, før vi stakk innom Dreamworld ein liten svipptur igjen. Der tok eg og pappa Tower of Terror, som kort sagt er ein karusell på halvminuttet der du kjøyrer i 160 km/t, 4,5 G-krefter og er maks 6,5 sekund vektlaus. Den var utrulig kult, og vi fekk lufta oss litt begge to!

Fredagen gjekk vi ein tur ved badestranda i Surfers Paradise, slappa av ved bassenget og spelte litt tennis, før vi gjorde oss klare til å gå på restaurant. Denne kvelden feira vi 18-årsdagen min som er neste laurdag. Vi åt på ein restaurant nærme hotellet, og kjøpte kake og litt pynt på butikken, så desserten tok vi heime. Det var ein fin siste kveld saman med familien. Deretter bar det til Brisbane Airport tidleg neste morgon, og då vi landa i Sydney låste vi inn bagasjen vår, tok taxi inn i byen og såg på operahuset. Vi gjekk også litt rundt, og satte oss ned på en kafè og i den botaniske hagen. Så bar det til flyplassen der vi tok farvel, før eg satte meg på bussen tilbake til Canberra og Yass.

Eg skal også skrive eit innlegg der eg skriv om korleis det føles no, etter at dei har reist heim igjen. Eg oppdaterer også dette innlegget med fleire bilete når/om eg får det!




. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

hits