Amalie

Graffiti Removal Day, District Conference og EKSAMEN

Skrevet 17.11.2014 klokken 06:10 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


No er det igjen ei lita stund sida sist, og sida då har det skjedd litt.

For nokre veker sida hadde vi i Interact vårt aller første samfunnsprosjekt, nemlig Graffiti Removal Day. Vi møtte opp i 9-tida, og var vel ferdige i 11-tida, og etterpå hadde vi ein liten barbeque. Graffiti Removal Day går ut på at ein malar over eller fjernar graffiti frå veggar og div. andre stadar, i stadar rundt om i Australia/NSW. Vi malte en frivegg på tennisbana, og på brua. Resultata blei bra og det gikk fort unna. Det skal også seiast at det var stygg graffiti, ikkje noko kunst akkurat - men meir stygge og meiningslause ord og krusedullar. 

Deretter var vi satt opp på barbeque når det var Classic Yass i Yass. Altså eit olabilløp og utstilling av gamle bilar. 

No i helga var det District Conference i Canberra for distrikt 9710 (mitt Rotarydistrikt) og 9675 (Pernille sitt distrikt). Vi bodde 10 stk i "hytter" (slike campinghytter), som var heilt greie. På fredag var dei andre med ei som heiter Natalie for å ete pizza, men sidan eg spelte fotballkamp (som vi forresten vant 2-1) kom eg seinare til der vi budde. Då D9675 ikkje rakk toget kom dei litt seint fram, så vi satt oppe til ganske langt på natt og snakka og blei kjent med kvarandre. Det var Pernille og ei frå Finland som budde i mi hytte, så det var godt å snakke litt norsk igjen også.

Laurdag morgen våkna vi supertidlig, åt frokost og stakk rett til konferansesenteret. Heilt i begynnelsen av programmet for dagen bar personane fra kvart sitt land flagga sine, før vi stilte oss opp på ei lang rad. Tema for årets konferanse var ungdom og ungdomsutveksling, noko som gjorde at vi ungdommar var ganske mykje i fokus. Resten
var vel like kjedelig som slike konferansar vanligvis er, men rundt 1 fekk vi endelig lov til å stikke. Den originale planen var at alle skulle reise til Big Splash (mini-badeland), men det endte opp med at kun nokre få av oss reiste då det byrja å regne. Det var ganske kaldt, men var kjekt likevel. Deretter blei det heim og ta ein lyndusj, før vi ordna oss og gjorde oss klar til middag på konferansesenteret. Veldig lite mat på fatet, men den smakte godt. Resten av kvelden var det berre dansing og sosialisering, før oss igjen la oss ein smule seint.







Søndag morgen var det frokost på McDonalds (.... det kvalmaste eg nokon sinne kan tenkje meg), der eg faktisk skypa med mormor og Sander ei lita stund. Det einaste vi gjorde på søndagen var å snakke og få informasjon om safarien vi skal på den 24. mars. Den kostar ca 20 000 kr og varar i 3 veker, der vi reiser frå Canberra - Melbourne - Adelaide - Uluru - Alice Springs - Cairns - Airlie Beach - Sydney, såklart med litt mellomstopp div. plassar. Her får vi altså oppleve masse, som til og med mange australianera ikkje he opplevd/sett før. Blir supert!

I dag - tru det eller ei - hadde eg spanskeksamen. I Norge hadde det vel ikkje blitt kalla eksamen, då den kun varte i 1,5 timar og hadde små delar, men her er det visst litt som ein avsluttande tentamen. Den gikk ikkje så bra som eg hadde håpt på, men eg trøystar meg med at karakteren eg får ikkje vil stå på det norske vitnemålet uansett (hjelp ikkje særleg då, då det alltid er viktig for meg å få ein god karakter på skulearbeidet mitt uansett kva det er)

Ellers er det utvekslingsweekend neste helg også, då vi har "2nd briefing" saman med outboundsa (dei som skal på utveksling), og også denne gong er det i Canberra.

Snakkast!

Skriv en kommentar


hits