Amalie

Rotary Markets

Skrevet 20.10.2014 klokken 07:17 | Kategori: Australia | Kommentarer: 1


Hei alle sammen!

No er det ei lita stund sida sist, og det har egentlig skjedd veldig lite sida då.

Skulen har byrja på igjen, noko som egentlig er ganske deilig. Då eg tek både R1-matematikk, fysikk og kjemi, i tillegg til å prøve å halde følgje med historie og norsk heime OG ta spansk i Distance Education, så kan det bli litt slitsomt til tider. Eg kjem meg heldigvis gjennom det, og det er deilig å vite at eg ikkje må ta opp igjen VG2 når eg kjem heim igjen. Det er egentlig det som held meg gåande i timane. Det er også veldig vanskelig å lære seg alt heilt sjølv til tider, så nokre gonger er eg litt bekymra om at eg kjem til å kome heim igjen uten den kompetansen eg må ha til å kunne fullføre og få gode karakterar i VG3. Samtidig har det gått ganske fint, så eg trur ikkje det vil bli nokre veldig store problem egentlig.

Tilbake til overskrifta - på laurdag hadde eg min eigen stand på markedet! Eg tok meg fri frå skulen på fredag for å bake. Eg baka fylte horn, bollar, skulebollar, kanelsnurrar, mormor sine karamellkjeks, julemannar og kvæfjordkake. Mange av desse tinga hadde eg aldri laga før, men eg overraska meg sjølv virkelig og resultatet blei faktisk veldig bra.

Eg brukte vel sikkert 58$ på ingredienser og diverse, så målet var vel egentlig å få meir enn det for faktisk å tjene litt på det. Då dagen var ferdig og vi telte opp pengane kom vi fram til at eg faktisk hadde fått inn heile 210$ (ca 1200kr), og det på berre 4 timar!!! Eg tjente altså ca 900kr som går rett i sparegrisen til safari. Dagen var altså en suksess, folk hadde kun gode tilbakemeldingar, og eg kjem definitivt til å gjere det igjen så snart eg kan.

Neste gong trur eg blir første helga i desember, så difor skal eg lage til eit skikkeleg norskt julekakebord.

I dag er det faktisk berre 65 dagar til familien kjem, og eg gledar meg sinnsjukt masse. Blir veldig deilig å få familien ned hit for å feire jul, nyttår og 18'årsdagen min (ei veke på forskudd). Eg har også vore her i 89 dagar. Heilt sjukt kor fort desse 89 dagane har gått. Snart har eg vore her i heile 100 dagar!

Første helga i november er det Classic Yass her i Yass. Same helga var det egentlig Tumut Weekend med dei andre utvekslingsstudentane, men sida det er Classic Yass og Tumut kostar 70$ valgte eg heller å spare desse kronene. Interactklubben i Yass (som eg faktisk har blitt internasjonal direktør i) har også masse å gjere, så difor skal eg heller bli heime. Der er også eit Billy Kart Derby (olabil-løp) som vi i Interact både skal hjelpe til med, intervjue deltakere og kanskje også delta i, og då må jo eg såklart vere med?!

Det er vel egentlig det eg har å kome med foreløpig trur eg.. Så snart som mogleg skal eg også skrive eit innlegg om forskjeller eg har funne mellom Australia og Norge :)




Pappa

26.10.2014 kl.09:22

Så flink du er! Gler meg vanvittig til julefeiring saman med deg "Down under", og smake på julekakene dine 😉
Skriv en kommentar


hits