Amalie

2 månadar inn

Skrevet 21.09.2014 klokken 03:11 | Kategori: Australia | Kommentarer: 7


Eminem / Sia: Guts Over Fear

 

I går var det 60 dagar sida eg kom til Australia. Forrige tysdag var det 8 veker. På tysdag er det 9. Mitt 2 månaders jubileum er i morgon.

 

Desse siste en-og-seksti dagane har både vore dei beste og dei verste dagane i mitt liv. Eg sleit ufattelig med heimlengsel dei første dagane. Eg kan ikkje hugse å ha vore så langt nede nokon gong. Alt eg tenkte på var å kome heim til fanget til ho mor og han far. Å nyte lange sommarkveldar med den beste vennegjengen eg nokon gong kunne hatt. Å streve oppover fjellsidene, og deretter nyte utsikta over verdas finaste landskap.

 

Men nei, i staden var eg på andre sida av jordkloten, i 6 grader, heilt aleine med ukjente folk, ein ukjend stad og med døgnet snudd heilt på hovudet. Eg hadde heller ikkje noko som helst slags moglegheit for kommunikasjon med noko av det eg kjente frå før. Dagane og spesielt nettene blei lange og tårevåte.

 

 

 

Etter at eg byrja på skule og fotball, kom litt meir inn i språket, og i tillegg fekk tilgang på mobildata, blei ting straks mykje betre. Eg opna augene mine meir for det som skjedde rundt meg her. Eg fekk raskt kontakt med mange kjekke folk på skulen, og eg følte meg meir og meir heime hos vertsfamilien min.  

 

 

Heimlengselen byrja sakte men sikkert å forsvinne, litt etter litt. Då tida var inne for vår første studentsamling i Tuross, var heimlengselen (ikkje saknet, men sjølve lengselen) så godt som forsvunne. Men igjen så fann eg meg på ein heilt ny plass, med heilt nye folk. Heimlengselen kom sigande igjen.

 

Ein glede i det heile var at eg fekk møte ein gut som skal på utveksling til Stranda i januar. Nesten med tårer i augene, fortalte eg om alt han kunne glede seg til; snø, ski, fjord, fjell, ekstremt vakker natur og flotte folk. Stakkars guten kan hende han reiser til Stranda med for store forhåpningar så grenselaust positiv eg var, og eg håper verkelig dykk der heime prøver det beste dykk kan for å leve til forventingane hans (beklagar for det). Som utvekslingsstudent, veit eg kor kjekt det er når folk tek deg med på ting, og verkeleg viser genuin interesse for kvar du kjem frå og for kven du er.

 

 

Dei siste vekene etter det har gått ufatteleg raskt. Før eg reiste fortalte alle meg om kor fort tida faktisk kjem til å gå, og dei hadde heilt rett. Det er heilt utruleg at eg allereie har vore her i heile 2 månadar. Eg ser på dei 10 neste månadane med litt blanda kjensler. Eg har det utruleg bra, og eg veit ikkje heilt kva eg hadde synes om å måtte reise heim no, men samtidig skal det bli godt å få vere rundt kjende omgivnadar igjen. Nyte Stranda, nyte Bergen, nyte Noreg, og ikkje minst familien og vennane.
 

Om 3 månadar kjem familien min, både mamma, pappa, Sander og Karoline, for å besøke meg. Det gler eg meg sinnsjukt til. Eg gler meg ufatteleg til å feire jul med dei her i Yass, nyte Sydney på nyttårsaftan, vise dei fantastiske Brisbane og oppleve koralrevet i Cairns for første gong med dei. Det blir fantastisk å vise dei alt det utrulege Australia har å by på.  

 

 

Ikkje misforstå meg, eg er utruleg glad for å ha tatt det store valet eg gjorde for eit år sidan. Eg er ikkje minst ufatteleg stolt over meg sjøl. Ikkje før no, skjønte eg kva tidlegare utvekslingsstudentar meinte med utrykket «exchange isn't a year in your life, it's a life in a year». Eg har allereie byrja å byggje eit nytt liv, heilt annleis frå det eg har levd dei siste 17 åra av mitt liv, og sjølv om det er utruleg skremmande, har eg verkeleg trua på at dette året kan bli det beste hittil.

 

Tusen takk, kjære mamma og pappa, som lot meg gjere dette. Eg er uendeleg takknemleg for at eg har dykk, og at dykk alltid har vore såpass støttande til alle mine ambisiøse sprell. Uendeleg glad i dykk. 

 

Også takk til alle dykk som følgjer med og kommenterer innpå her, dykk gjer den lille timen det tek å skrive ned tankar og opplevingar verdt å bruke.

 

Berre ei lita kjensle-oppdatering får meg. "Vårferien" har no byrja, og eg skal nyte enda to veker med fri frå skule (hadde i alt ein heil månad), ved å leggje meg i hardtrening før touchsesongen (ein ganske australsk sport, google det gjerne) byrjar etter ferien. Eg skal også til kysten i nokre dagar saman med vertsfamilien min, og kanskje også Lilja. Blir flott!

 

Skal forresten også byrje å spele australsk fotball neste vinter (sommar for dykk) - noko som fort kan bli ekstremt spennande.

 

Nyt norsk haust og vinter, her byrjar temperaturen sakte men sikkert å stige. Veit ikkje om eg gler eller gruar meg til 30-40 grader i juletider, men det er i alle fall på veg ..


Pappa

21.09.2014 kl.10:47

Tøffe Amalie😊 Flott skrevet. Saknar deg også og gler meg til å sjå deg på sjølvaste julafta😀
Amalie

21.09.2014 kl.11:12

Pappa: blir fantastisk å sjå dokke alle igjen <3
Trine

21.09.2014 kl.19:32

So bra å høre at d går bra m dej Amalie! ;) Kor spennande d e å lese alt du fæ oppleve å bli m på der, må sei ej på sett å vis e veldi misunneli på dej :p hehe!

Må sei d du e tøffe, men du he allti vist ka du vil ;)

Kose dej masse vidare å masse lykke til m fotballen åsann :D

Monge klemma frå oss ^^, <3
Amalie

22.09.2014 kl.01:19

Trine: kjekt at dokke tek dokke tida til å lese! haha, ja e he vel egentlig det ja!
De ska e, og nyt tilværelsen heime!
Mange klemma tilbake! <3
Daniel

23.09.2014 kl.22:30

Hei! Kunne du tenke deg å bli intervjuet til www.studereiutlandet.com ? Hilsen Daniel.
Amalie

24.09.2014 kl.02:29

Daniel: Ja, det kan eg gjerne :)
Trine

02.10.2014 kl.14:31

D e klart, sjøl når d e en liten so e overtrøtte å ikkje he lyst å sove...so teke ej mej tida! :P hehe, nyte d so godt ej kan :D Ekje so kjempe gøy når han bære ska være overtrøtte å sure, å Stian jobba x) men d går iallefall, ska kje klage so masse :P hehe
Skriv en kommentar


hits