Amalie

2 månadar

Skrevet 06.05.2015 klokken 08:41 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


Okei. Kvar skal ein begynne. 

Eg slit med å innsjå at eg kun har to månadar igjen. Kvar forsvant tida? Eg kan da ikkje ha vore her i over 9 månadar allereie? 

Eg hugsar dagen eg landa på Sydney Airport som om den var i forrige veke. Eg hugsar då eg feira min dag nummer 60 med nokre regelbrytande cider. Og min dag nummer 100, som vart feira med middag på restaurant og halloweenfest. Ikkje minst hugsar eg då eg flytta inn i min fantastiske vertsfamilie - for 4 månadar sidan.

Gjennom heile året har eg alltid satt utruleg stor pris på kva eg har her, og alt eg har fått oppleve, men eg har aldri egentlig slete med tanken på å måtte reise heimatt. Ikkje før no.

Eg har fantastiske vennar. Eg har ein fantastisk vertsfamilie. Vertsklubben min er super. Yass High har vore så utruleg hjelpsom på alle moglege område. Yass er heime. Heime

Eg har fått så utruleg store moglegheiter. Fotballsesongen før eg reiste tok ein stor knekk på sjølvtillita mi. Her har eg blitt hylla som ei stjerne. Eg var toppscorar på laget etter 2 kampar. Eg er kaptein på skulelaget. Eg blei invitert på prøvespeling for regionslaget. Eg trenar med juniorlaget for guttar. Eg får spele på begge damelaga. Eg reiser heim igjen med forbedra individuelle ferdigheiter, og med mykje betre tru på meg sjølv.

Det er ikkje berre fotball eg har fått drive med. Eg har fått prøvd to heilt nye sportar. Touch, ein sport eg har forelska meg i. Touch er ein australsk sport eg aldri hadde høyrt om før eg blei kasta på bana på starten av sommeren i fjor. Riktig nok strakk eg eit leddband i skuldra på min første kamp, men etter det scora eg heile 5 trys. Eg kom på skulelaget i touch - sporten eg då aldri hadde høyrt om før for nokre månadar sidan. Laget mitt kom heilt til semifinalen i A-sluttspelet. Tennis hadde eg omtrent aldri spelt skikkelig, før eg meldte meg på mandagsturneringa. Eg kom også inn på skulelaget i tennis, der eg fekk spele som 2. seed - og utruleg nok gjekk det heilt fint. 

Folk inviterar meg med på ting. På kino. På lunsj. På kamp. På jentekveld. På fest. Eg blir inkludert på ein måte eg aldri trudde var mogleg. Eg er ein del av eit samfunn eg for eit år sidan ikkje eingong visste eksisterte.

Eg føler meg heime. Eg kan ikkje sjå for meg å reise fra denne staden. Å reise, uten å vite når eg vil vere tilbake. Å vite at kanskje ser eg ikkje igjen mange av dei. At når eg kjem tilbake vil det aldri vere det samme. 

Likevel gler eg meg til å kome heim. Eg gler meg til å sjå familien og vennane mine. Eg gler meg til å sjå fjell og fjord. Drikke reint, godt, norsk vatn. Ete grovbrød. Sjå på norsk TV. Snakke norsk. Berre vere norsk i Norge. 

Følelsane mine er så miksa at eg veit ikkje heilt kva eg skal føle. Eg grur meg. Eg gler meg. Eg er redd. Eg har panikk. Kva skal ein eigentleg føle? Etter å ha forlatt livet sitt for eit år, bygd eit nytt, for så å forlate det igjen for alltid?

Eg stiller meg bak uttrykket "utveksling er ikkje eit år i eit liv, det er eit liv på eit år"

Eg skal forresten blogge om safari også snart. Når eg får alle bilda. Og når eg orkar å ha tida til å gjere det.




. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

Surfecamp + fun weekend

Skrevet 04.03.2015 klokken 07:53 | Kategori: Australia | Kommentarer: 2


Heisann!

Sida sist har det som vanleg ikkje skjedd sånn fantastisk mykje, eeegentlig. Har vore på to nye utvekslingsarrangement, rebounder-camp og surfecamp. Rebounder-camp er ein weekend for alle dei heimkomte utvekslingsstudentane, der dei avsluttar året sitt og held presentasjonar. Det var ei koseleg helg, kanskje av dei beste helgene eg har vore på i regi av Rotary. Eg trur eg åpna meg mykje meir denne helga, og var litt meir sosial (er ikkje heilt rette gjengen folk for meg, så har hatt litt problem med å vere heilt meg sjølv rundt dei)

.

Yass Crew!! Lucy, Lara, meg og Verdi!

For eit par veker sidan reiste eg på surfecamp, som var i Mollymook, nærme Ulladulla. Instruktøren våra var Pam Burridge, som faktisk er ein tidlegare verdensmester i surfing. Det var kun eit slags introduksjonskurs, så alt vi lærte var å padle og å stå opp på brettet, noko eg har gjort før, så eg stod med glans. Fekk til og med høyre frå Pam at eg ikkje hadde hatt noko problem på dei grøne (dei store og ubrotne) bølgjene, noko som var kjekt å høyre! Får sjå om eg får tid til litt surfing i Byron Bay på safari. Vi hadde altså to dagar med surfing i Mollymook, før vi reiste vidare opp til Nowra, der vi blei plassert i vertsfamiliar for helga. På laurdagen hadde vi eit "tree climb adventure", der vi fekk på oss "klatreutstyr" og klatra i stigar og på forskjellege utfordrande hindringar i trea og langs fjellsidene. Det var absolutt ei ny og ganske kul oppleving. På søndag hadde vi vannaktivitetar, som vannski, tube og jetski. Viste fram vannskiferdigheitene mine og flira så tårene trilla på tuben. Absolutt ei super helg, sjølv omeg var veldig sliten når eg kom heimatt på søndagen. Eg skal også innrømme at eg savna heim til Yass ein del også...

Vi hadde også ei koreansk jente som budde med oss i 10 dagar, då Yass High hadde eit slags liknande "comenius prosjekt" med ein koreansk skule. Ho var ganske sjenert og innadvent i byrjinga, men då eg kom heim frå surfecamp var ho litt meir utadvent og grei å ha med å gjere. Eg får dessverre ikkje reist til Korea, då Yass High ikkje reiser dit før i haust (vår i Australia).

For nokre veker sidan var det også "swimming carnival" på Yass High. Altså ein heil dag med forskjellege svømmekonkurransar. Eg konkurrerte i absolutt alle 50-meterane, både i butterfly (som eg gav opp på å prøve å svømme skikkeleg), rygg, bryst, crawl og stafett! Vant rygg og crawl faktisk, noko som var kjekt, sida eg aldri i livet har svømt skikkelig.

Ellers har eg kun vore på skule, spelt touch, fotball og tennis sidan det. Har byrja å spele tennis kvar mandagskveld på eit lag i ein sommarkonkurranse, noko som også er ganske nytt for meg. Blir betre og betre for kvar veke, så er ganske kjekt det også. Eg er ikkje veldig god enda, men kjem vel etter kvart forhåpentligvis. Er også påmeldt på damelaget i fotball, skal trene med U18-guttane og skal trene U12-laget!!

I kveld etter touch reiser eg, Brooke, Shirree og Matt til Wollongong for å sjå Brooke svømme i regionals! Så kjem vi heimatt igjen før fotball på fredag. På lørdag blir det 18-års bursdagsfest for Matt, noko som blir veldig kjekt! 

På tirsdag skal eg faktisk på trials/prøvespeling for regionslaget South Coast i Wollongong. Veit ikkje kor store sjansane er for at eg kjem inn, men det blir absolutt ein kul oppleving, også blir det å komme inn som ein bonus. Er ikkje alle som blir sendt på trials heller, så er veldig glad for berre å få sjansen. Er også KAPTEIN på skulelaget i fotball - noko eg er utruleg stolt av. Er klar for å knuse det som visstnok skal vere vår hardaste motstander på onsdag.

Skal også skrive eit lite kjensle-innlegg igjen, berre for å få klarna hovudet, også kanskje dykk kan få litt innblikk i korleis det føles for ein utvekslingsstudent når ein innser at det kun er 4 fantastiske månadar igjen....



. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

Sidan sist

Skrevet 01.02.2015 klokken 02:58 | Kategori: Australia | Kommentarer: 5


Heisann!

Sidan sist har det skjedd både mykje og lite, egentlig. Første dagane etter at familien reiste heim var tøff, men eg kom meg raskt tilbake til det. Slo meg raskt tilrette i den nye vertsheimen min, og har storkosa meg her sidan. Trur eg trygt kan seie at dei siste vekene har vore dei beste til no. Vertssøstra mi er mi beste venninne her, noko som gjer at det aldri egentlig blir kjedelig. 

Rotary arrangerte ein 18-80-bursdagsfest for meg og ein som fylte 80 på golfklubben i Yass. Det var ein fin kveld, der eg fekk masse fine kort, blomster og ei kjempeflott kake.

Så kom den ordentlege 18-års dagen min, som var ein kjempeflott dag. Brooke og Shirree diska opp med pannekaker til frokost, så stakk eg og Brooke ned til Rotary Farmers Market, før vi åt god lunsj på kafè. Deretter bar det heim for å ordne til til kvelden's festligheiter. Det var ein kjempekjekk kveld (og dag), mykje takk til vertsfamilien min!

Fredag den 23. var det kvartfinale i Asian Cup, mellom Iran og Irak. Det var meg, Brooke, kjæresten hennar Matt og kompisen hans Todd. Vi hadde fantastisk bra sitteplassar, heilt nede med gjerdet - midt i ei stor gruppe Iran-supportarar. Det var difor ikkje tvil i kva lag vi skulle heie på då. Vi fekk både små og store flagg med dei andre supportarane, og lærte nokre utrop. Vi såg nok litt malplassert ut der vi 4 australianera stod midt mellom alle Iran-supporterane, men eg trur dei var veldig takknemlig for støtta. Alle rundt oss ville ta utallige selfies med oss, så til slutt følte vi oss nesten som ein del av Iran-familien. Kampen var utrulig tett, og eg trur den hadde alt ein tilskodar kunne ønskje seg. Atmosfæra var fantastisk, faktisk av det beste eg har opplevd. Etter to av måla Iran scora, kom spelarane akkurat dit vi stod, så eit minutt der trudde eg at eg var døden nær. Resultatet blei ein stykk knust telefon, men det gjer ikkje noko, det var heilt klart verdt det. Kvelden blei komplett då vi kom heim og såg oss sjølve på TV. Resten av kvelden/natta blei brukt til biljardspeling og bading i basseng. Ein komplett kveld (vil tørre å seie at det er den beste dagen på utvekslinga mi til no, faktisk). 










Dagen etter såg vi Yass Knockouts i touch, før vi drog på overnatting til Lucy (som nettopp har kome heim frå utveksling i Danmark). Der åt vi god mat, såg film, og prata om utveksling. Vi drog også inn til Canberra for å sjå kino, og spele lasertag. 

..og ja, eg er Sniper

26. januar er Australia Day, som så godt som er Australia sin (uoffisielle) nasjonaldag. Vi stod opp tidleg morgonen for å hjelpe til med barneleikane på Australia Day Breakfast. Etter det tok Shirree og Brooke meg med til Canberra, der vi var litt turistar og vandra i parkar og gjekk ein tur inne i Parliament House. På kvelden samla vi nokre folk og hadde ein barbeque, med både stolleiken og Twister (pluss litt vann-/bassengkrig)











På onsdag begynte skulen på igjen, noko som eigentleg er heilt greit, då eg kjem inn i rutine igjen. Timeplanen er litt annleis, men eg har fortsatt same faga. Har begynt å gå opp for meg kor lite tid eg egentlig har på å gjere ferdig resten av skulearbeidet, og at eg verkeleg må begynne å få ræva i gir skal eg fullføre før eg reiser heim igjen... Fredag starta endelig sommerfotballen på igjen, noko som var utruleg godt. Gjekk derfrå med ei litt småskada tå, og 3 poeng i lomma. På tirsdag byrjar Rotarymøta på igjen, og på onsdag er det touch. 

Neste helg skal eg på rebounder-camp for dei som har komt tilbake frå utveksling, så det blir kjekt å høyre historiene til dei andre utvekslingsstudentane. Om eit par veker blir det surfecamp og vannsport, før vi skal vere vertsfamilie for nokre koreanerar som besøkjer Yass High for ei veke. Mykje kjekke ting som skjer framover, og det byrjar å gå opp for meg kor fort tida faktisk går, og det skremmer meg veldig...

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

5 kommentarer

Heimlengsel - ærligheit

Skrevet 11.01.2015 klokken 11:39 | Kategori: Australia | Kommentarer: 3



Michael Bublé - Home

I går tok eg farvel med familien igjen. Eg har hatt nokre heilt fantastiske veker saman med dei. Eg trur eg kan seie at det er dei beste vekene sidan eg kom. Difor tek eg meg sjølv i å tenkje, kva betyr det egentlig? Utveksling handlar jo ikkje om familiebesøk? For meg er utveksling å vere sjølvstendig, oppleve ein ny kultur og bli kjend med meg sjølv - og å oppleve fantastiske, nye ting og møte nye supre menneske. 

Eg skal vere ærlig og seie at eg har telt dagar, veker og månadar. Heilt sidan eg kom. Kor mange veker det er sidan eg kom, kor mange månadar eg har vore her, og kor mange dagar det er til eg reiser heim igjen. Eg ser fram til dagen eg reiser heim. Eg gler meg til å lande på Vigra, sjå vennar og familie og leggje meg ned i godsofaen og sjå på norsk TV. Eg savnar heim. Eg har rett og slett heimlengsel. Ofte.

Det ville vere løgn å seie at eg ikkje får panikk når eg tenkjer på å reise herfra heller. Eg vil ikkje reise fra livet eg lev her. Eg har det jo heilt supert. Alle behandlar meg bra, eg får oppleve masse og alt er som det skal. Eg vil heilt sikkert savne mitt australske liv. Ganske så garantert, egentlig. 

Følelsane mine er så blanda. Eg er alltid ein stad mellom å vere heimesjuk og å vere høg på utvekslingslivet. Nokre gonger er smilet stort som sola, og eg er fantastisk fornøgd med livet. Andre gonger kunne tårene mine oversymd storelva om og om igjen, og alt eg treng er å snakke med mamma og pappa. 

Eg har aldri satt nok pris på kva eg har heime. Eg har alltid satt pris på det, men ikkje nok. Eg har ein fantastisk familie, og eg kjem fra ein super stad. Eg elskar rett og slett det norske livet mitt alt for mykje. Det gler eg meg til å kome heim til.

Dette får meg til å tenkje at eg ikkje set nok pris på alt eg får oppleve her i Australia. Eg har det jo heilt fantastisk bra, og fleirtalet av dagane her tenkjer eg ikkje på så mykje anna enn "akkurat her og no", og eg har det fint. Eg får dårleg samvittigheit av å vere heimesjuk. Rett og slett. Men eg treng å vere det.

I går tok eg farvel med familien igjen. Det var av dei verste dagane i livet mitt. Eg gret heile dagen. Eg prøvde å nyte kvar av dei siste timane eg hadde med dei. Kvart eit sekund. Men så tok eg meg sjølv i å tenkje på kva som skulle skje seinare om kvelden, og tårene fossa ut. Å bestille den første mulige billetten heim har aldri frista meir. Eg trygla familien om ikkje å reise heim. Eg ville ikkje gi slipp. Ikkje no. Aldri igjen. Men det måtte skje. Aldri i livet om eg kunne ha reist heim, såpass skylder eg Rotary, familien og meg sjølv.

Eg får klump i halsen, og tårene renn, berre av å skrive om det. Akkurat no har eg det rett og slett heilt jævlig. Det føles uutholdelig. Men veit du kva? Det var verdt det. Desse vekene eg fekk med mamma, pappa, Karoline og Sander var verdt det, og eg ville gjort det om og om igjen. Eg treng berre å komme meg gjennom heimlengselen. Atter igjen. Og det skal eg. Det vil eg. Eg har kome over halvveis, og no skal eg nyte det. Skikkelig. Eg elskar utveksling, men eg hatar at det betyr at eg må vere vekke fra det vanlege livet mitt.

Så om du skal på  - eller har ein unge som skal ein gong skal på - utveksling, aldri i livet nøl med å få/reise på besøk. No har eg noko å leve på. Minner som er der for alltid - minner fra utvekslinga mi eg faktisk kan dele med familien. Dei veit kva eg snakkar om når eg snakkar om touchkampen min. Dei veit kor eg er når eg skal på biblioteket. Dei veit kven eg er med når eg er "heime". Det føles så fantastisk utruleg bra.

Men for no skal eg tåre litt til, så er eg klar for siste halvdel. Det skal bli bra. Så er det like før eg ser dykk alle igjen. 







. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

3 kommentarer

Familiebesøk

Skrevet 11.01.2015 klokken 10:30 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


Hei alle sammen!

Den 24. desember var av dei beste dagane i mitt liv. Då eg såg dei endeleg komme gjennom dørene på flyplassen i Sydney, banka hjertet mitt så fort som det aldri har banka før, og tårene rant. Det var av dei beste følelsane nokon gong. Å endeleg få klemme mamma og pappa, etter så alt for lenge. Det kan ikkje beskrivast eller tenkjast seg til, det må opplevast. Så utrulig fantastisk var det.

Etter ein liten frokost på McDonalds tok vi bussen til Canberra, der ein i Rotary henta oss. Vi prøvde å speide etter kenguruar på vegen til Yass, men oss kom fram til huset vi lånte (frå ei frå Rotary) uten ein einaste ein i sikte.. Etter å ha skifta og komt oss litt til rette gjekk vi opp på Walker Park, der eg hadde fått nokre folk saman for å vise familien min ein kamp med touch. På veg opp fekk eg og vist dei litt rundt i Yass. På kvelden åt vi middag med Brooke og Shirree (som no er vertsfamilien min), slik at familien min blei kjent med dei også!

1. juledag blei feira med vertsfamilien min. Det er altså julelunsj, i staden for julemiddag, ein et her. Sjølv om det regna, blei det ein kjekk dag, med masse fine gaver og morosame spel. Personleg føretrekk eg den norske jula, men det var ein ny og veldig annerleis opplevelse. 

2. juledag reiste vi til ein vingard for vinsmaking saman med Kirsty (president i Yass Rotary), før eg viste dei rundt i Canberra, der vi drog på eit utkikspunkt og køyrde rundt parlamentsbygninga. Natt til 27. reiste mamma og pappa til New Zealand for å besøke Natalie, som var utvekslingsstudent på Stranda for nokre-og-tjue år sidan. I mellomtida var eg, Sander og Karoline framleis i Yass, der vi drog på shopping i Canberra, spelte tennis og var ute ved elva saman med Brooke og familien for å stå på vannski. 

På nyttårsaftan tok eg og søskena mine bussen til Sydney for å møte mamma og pappa på flyplassen igjen. Etter mykje styr om kvarr/korleis vi skulle lagre bagasjen medan vi var i Sydney (då vi skulle ta flyet tidleg morgonen etter og ikkje skulle bu på hotell), kom vi oss endeleg inn til byen for å oppleve fyrverkeria. Etter ein god middag på ein gresk restaurant, gjekk vi til The Rocks for å sjå fyrverkeria ved midnatt. Det var ganske kult, sjølv om vi ikkje såg så bra som vi skulle ønske. Deretter blei det toget til flyplassen, og venting på at flyplassen skulle åpne, før vi sjekka inn bagasje og satte oss på flyet opp til Cairns klokka 6 første nyttårsdag.

Då vi endeleg kom fram til hotellet i Cairns, måtte vi vente ei stund ved bassenget før vi fekk kome inn på rommet. Rommet våra var kjempestort og veldig bra, så det var ein fin overraskelse. På kvelden gjekk vi inn til sentrum av Cairns for å feire bursdagen til kjære mamma ? Der åt vi på en indisk restaurant.

2. januar var det tid for opplevelsestur til korallrevet. Dit ut tok vi båt, og der fekk vi snorkle over korallrevet, ta ein "undervanns-båt" der vi såg skilpadder, og vi fekk ein slags "tropisk" lunsj. Dette var ein veldig vellykka dag, og det var veldig kult å sjå korallrevet, med fiskar, skilpadder og undervannsplantene. Pappa og Karoline fekk faktisk også sjå haiar!

Deretter hadde vi ein dag der vi berre slappa av (med andre ord drog på shopping), før vi drog på ein guida tur til regnskogen den 4. Dessverre regna det hardt den dagen (noko som kanskje gir litt meining, då det faktisk er kalla ein regnskog). Vi såg ingen krokodiller i elva, men det var likevel kult å sjå alle dei ulike plantane i regnskogen. Vi fekk gå rundt i regnskogen, og vi gjekk også på badestranda der Captain Cook kom inn. Vi fekk også ein liten presentasjon frå ein ekte aborginier, om kulturen og trua deira!

Dagen etter det slappa vi av ved bassenget og spelte litt tennis, før vi tok flyet til Gold Coast neste dag. I Gold Coast leigde vi ein bil, og køyrde til hotellet vi skulle bo på (i Surfers Paradise). Hotellet var også her kjempefint, og det låg rett ved badestranda. På onsdagen drog vi til Dreamworld, ein av dei største fornøyelsesparkane i Australia. Det var ein veldig, veldig kjekk dag, der vi alle fekk utfordra oss sjølv i mange forskjellige karusellar. Saman med 3-dagerspasset til fornøyelsesparkane fekk vi også pass til eit observasjonstårn der vi fekk utsikt over heile Gold Coast. På torsdagen drog vi først ein liten tur til South Bank i Brisbane, før vi drog til White Water World, som ligg rett ved sidan av Dreamworld, og er eit lite badeland. Der tok vi nokre kule sklier, før vi stakk innom Dreamworld ein liten svipptur igjen. Der tok eg og pappa Tower of Terror, som kort sagt er ein karusell på halvminuttet der du kjøyrer i 160 km/t, 4,5 G-krefter og er maks 6,5 sekund vektlaus. Den var utrulig kult, og vi fekk lufta oss litt begge to!

Fredagen gjekk vi ein tur ved badestranda i Surfers Paradise, slappa av ved bassenget og spelte litt tennis, før vi gjorde oss klare til å gå på restaurant. Denne kvelden feira vi 18-årsdagen min som er neste laurdag. Vi åt på ein restaurant nærme hotellet, og kjøpte kake og litt pynt på butikken, så desserten tok vi heime. Det var ein fin siste kveld saman med familien. Deretter bar det til Brisbane Airport tidleg neste morgon, og då vi landa i Sydney låste vi inn bagasjen vår, tok taxi inn i byen og såg på operahuset. Vi gjekk også litt rundt, og satte oss ned på en kafè og i den botaniske hagen. Så bar det til flyplassen der vi tok farvel, før eg satte meg på bussen tilbake til Canberra og Yass.

Eg skal også skrive eit innlegg der eg skriv om korleis det føles no, etter at dei har reist heim igjen. Eg oppdaterer også dette innlegget med fleire bilete når/om eg får det!




. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

Interact Charter Night og ADFA Graduation Parade

Skrevet 17.12.2014 klokken 07:04 | Kategori: Australia | Kommentarer: 1


For eit par veker sida var det charter night for Interactklubben vår. Tema var "Hollywood/Movies", så difor kledde eg meg ut som VIKING! Kostymet kjøpte eg på costumebox.com, og var sinnsjukt bra. Eg følte meg virkelig som ein viking, og det verka som alle andre syns det var kult også. Det var mest berre middag, overrekking av presidentkjedet til Brooke, diplom og pins til alle medlemma som stod på planen. Det var ein kjekk kveld, som enda med ein liten tur til Maccas etterpå! Eg fekk både ein medlemspin, og ein for å vere direktør. Alltids kjekt med fleire pins til blazeren min, som faktisk har begynt å sjå ganske bra ut!

Forrige veke var det "graduation week" på ADFA, der vertsbroren min går. På torsdagen var det "graduation parade" og "graduation ball" på kvelden. Det var kjempekult, og veldig bra laga til. Det gjorde meg berre meir interessert i luftforsvaret og marina!

 

Denne veka er vertsfamilien på kysten, og eg valgte å bli heime, då vi gjorde kjekke ting på skulen denne veka! Eg har overnatta med Ally ei natt, og skal overnatte med president Kirsty i natt. I dag var siste skuledagen før sommerferien (ja, det er sjukt rart..), så no har eg ikkje skule før 26. januar igjen. Har ganske blanda følelsar om akkurat det, då eg trivs så godt på skulen, men idag er det kun ei veke til familen min endelig er her, så det gjer ikkje så mykje!

God jul og godt nyttår alle sammen!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

1 kommentar

Interact Takes Over!

Skrevet 17.12.2014 klokken 06:40 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


For nokre veker sida no tok Interact over Rotarymøtet. Eg fekk tildelt presidentkjedet, og styrte møtet for kvelden. Gjennom kvelden var der mange moglegheiter for alle rotarianerane til å få fram lommeboka si. For å snakke måtte rotarianerane lage ein tildelt dyrelyd. Vi hadde quizar, loddsal og joker poker. I tillegg prøvde eg å lære alle å synge den norske nasjonalsangen (såklart på norsk), og det blei til slutt til ein konkurranse mellom dei forskjellege borda. Til slutt hadde eg ein presentasjon om oppholdet mitt i Australia så langt, og avslutta med ein liten quiz om Norge (der ein fekk bot om ein svarte både galt og rett)

Det var ein veldig kjekk kveld, og det var kjekt å sjå rotarianerane ha det så kjekt i lag med oss interaktørane. Fekk også mykje gode tilbakemeldingar på presidentskapet mitt for kvelden, så alt i alt var det supert!

Eg må også verkeleg beklage for dårleg blogging. Er så vanskelig uten internett. Etter skule på mandag, tirsdag og torsdag er eg på treningssenteret, og på onsdag og fredag har eg touch og fotball, så det er verkeleg vanskeleg å få stukke innom biblioteket for å oppdatere... Når eg flyttar inn med Brooke, som har internett, skal eg bli mykje flinkare - det kan eg love!!








. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

Graffiti Removal Day, District Conference og EKSAMEN

Skrevet 17.11.2014 klokken 06:10 | Kategori: Australia | Kommentarer: 0


No er det igjen ei lita stund sida sist, og sida då har det skjedd litt.

For nokre veker sida hadde vi i Interact vårt aller første samfunnsprosjekt, nemlig Graffiti Removal Day. Vi møtte opp i 9-tida, og var vel ferdige i 11-tida, og etterpå hadde vi ein liten barbeque. Graffiti Removal Day går ut på at ein malar over eller fjernar graffiti frå veggar og div. andre stadar, i stadar rundt om i Australia/NSW. Vi malte en frivegg på tennisbana, og på brua. Resultata blei bra og det gikk fort unna. Det skal også seiast at det var stygg graffiti, ikkje noko kunst akkurat - men meir stygge og meiningslause ord og krusedullar. 

Deretter var vi satt opp på barbeque når det var Classic Yass i Yass. Altså eit olabilløp og utstilling av gamle bilar. 

No i helga var det District Conference i Canberra for distrikt 9710 (mitt Rotarydistrikt) og 9675 (Pernille sitt distrikt). Vi bodde 10 stk i "hytter" (slike campinghytter), som var heilt greie. På fredag var dei andre med ei som heiter Natalie for å ete pizza, men sidan eg spelte fotballkamp (som vi forresten vant 2-1) kom eg seinare til der vi budde. Då D9675 ikkje rakk toget kom dei litt seint fram, så vi satt oppe til ganske langt på natt og snakka og blei kjent med kvarandre. Det var Pernille og ei frå Finland som budde i mi hytte, så det var godt å snakke litt norsk igjen også.

Laurdag morgen våkna vi supertidlig, åt frokost og stakk rett til konferansesenteret. Heilt i begynnelsen av programmet for dagen bar personane fra kvart sitt land flagga sine, før vi stilte oss opp på ei lang rad. Tema for årets konferanse var ungdom og ungdomsutveksling, noko som gjorde at vi ungdommar var ganske mykje i fokus. Resten
var vel like kjedelig som slike konferansar vanligvis er, men rundt 1 fekk vi endelig lov til å stikke. Den originale planen var at alle skulle reise til Big Splash (mini-badeland), men det endte opp med at kun nokre få av oss reiste då det byrja å regne. Det var ganske kaldt, men var kjekt likevel. Deretter blei det heim og ta ein lyndusj, før vi ordna oss og gjorde oss klar til middag på konferansesenteret. Veldig lite mat på fatet, men den smakte godt. Resten av kvelden var det berre dansing og sosialisering, før oss igjen la oss ein smule seint.







Søndag morgen var det frokost på McDonalds (.... det kvalmaste eg nokon sinne kan tenkje meg), der eg faktisk skypa med mormor og Sander ei lita stund. Det einaste vi gjorde på søndagen var å snakke og få informasjon om safarien vi skal på den 24. mars. Den kostar ca 20 000 kr og varar i 3 veker, der vi reiser frå Canberra - Melbourne - Adelaide - Uluru - Alice Springs - Cairns - Airlie Beach - Sydney, såklart med litt mellomstopp div. plassar. Her får vi altså oppleve masse, som til og med mange australianera ikkje he opplevd/sett før. Blir supert!

I dag - tru det eller ei - hadde eg spanskeksamen. I Norge hadde det vel ikkje blitt kalla eksamen, då den kun varte i 1,5 timar og hadde små delar, men her er det visst litt som ein avsluttande tentamen. Den gikk ikkje så bra som eg hadde håpt på, men eg trøystar meg med at karakteren eg får ikkje vil stå på det norske vitnemålet uansett (hjelp ikkje særleg då, då det alltid er viktig for meg å få ein god karakter på skulearbeidet mitt uansett kva det er)

Ellers er det utvekslingsweekend neste helg også, då vi har "2nd briefing" saman med outboundsa (dei som skal på utveksling), og også denne gong er det i Canberra.

Snakkast!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

100 days

Skrevet 07.11.2014 klokken 12:56 | Kategori: Australia | Kommentarer: 1


For ei veke sida var det min dag nr 100 her i Australia. En ganske stor dag i mine auge. Dei første dagane hadde eg aldri i livet trudd eg skulle kome meg så langt. 100-200-300 dagar fram i tid var så ufatteleg langt unna. Etter kvart som eg slo meg litt meir til ro med vissa om at eg var ved eit "point of no return", og at eg skulle verkeleg vere her i eit år, gjekk det opp for meg akkurat kvifor eg valgte å reise. Eg skulle oppleve ein ny kultur på ein måte ikkje alle nokon gong får sjansen til å gjere.

100 dagar - over 3 månadar - utan mamma, pappa, søskena mine, besteforeldra mine, og alle mine nære og gode venna. Det er lenge det. Og lenge er det enno igjen til eg får møte dei igjen. Det nærmaste ein kjem til skikkelig kontakt er via skype. No skal eg ikkje klage, då eg veit at før i tida kunne ein så vidt sende brev så langt - men kom an, å gå frå å sjå mamma og pappa kvar dag til ikkje å kunne snakkast kvar dag ein gong, er tøft for alle uansett. Sjølv kor mykje eg i nokre tilfelle gleda meg til å kome meg vekk frå lille, tette Stranda, så har det jaggu vore tøft til tider. Som dykk mest sannsynlig allerede har skjønt så er eg ganske ærleg og tørr å seie det akkurat som ting er.

Eg har fått oppleve så utruleg mykje i løpet av desse 100 dagane. Canberra (såklart hehe), Melbourne (mitt favorittlag i AFL Brisbane Lions mot Collingwood på the MCG), South Coast og Brisbane (der eg fekk mate og klappe kenguru, halde koala og halde ein slange). Eg har også fått oppleve andre små, men kjekke, ting.

Eg har vore så sinnsjukt heldig med vertsfamilie, skule og vertsklubb. Eg gler meg masse til å vere med på kvart einaste møte i Rotary. Å høyre at eg er "den beste reklama for Rotary ungdomsutveksling" nokon gong, varma eit usikkert utvekslingshjarte. Klubben, då spesielt presidenten, har vore så velkomande og eg føler verkeleg at eg har ein slags australsk rotaryfamilie.

Framover har eg masse å sjå fram til. Denne helga skal eg prøve meg på noko heilt nytt, som dessverre er hemmeleg for no. Neste helg er det distriktkonferanse, der også Pernille skal delta, så blir utrulig godt med litt norsk blod i nærheta igjen (okey, det hørtes meir creepy ut enn det var meint). To helger etter det er det weekend med dei andre utvekslingsstudentane igjen. Vidare blir det advent og julekakebaking i det australske kjøkken, og litt juleshopping på IKEA med Rotaryklubben sin kjære president Kirsty. Eg skal også selge julekaker på markedet.

Julaften (i Norge, ikkje Australia) kjem mams, paps, Karoline og Sander. Foreløpig er ikkje alle planar lagt, men australsk jul blir det i alle fall på oss alle saman. Det er vel det som held meg gåande på tunge dagar.

Alt i alt har eg det veldig bra, og eg nyt virkelig tida mi her. Eg har det altså bedre enn det eg kanskje gir uttrykk for her inne. Likevel trur eg det er sunt med litt heimlengsel, noko anna ville vel egentlig vore litt rart. Eg valgte også å skrive eit lite avsnitt på engelsk, slik at mine australske venner får eit lite innblikk i ein utvekslingsstudent sine tankar.

// Dear non-Norwegian-speaking Aussies;

Last Friday was my 100-day-anniversary. To think I have spent a 100 days in this crazy wonderful country is unbelieveable. In a way it feels like I've been here my whole life, but in another way it feels like I came yesterday. Time has just passed so fast. When I came to Yass, I must admit, I thought "wow, is this where I'm supposed to live for a year? It's freaking cold here" You might think it's weird to have a Norwegian say Australia is cold? Trust me, we're not immune to cold either. And I also expected Australian winter to be like a mild spring in Norway (which is around the 15 degree mark), so I'm sorry I was disappointed to arrive in fog and 3 degrees a cold tuesday morning 108 days ago.

As I got to know the town and the people I have fallen in love. As in love with another country, language, and people. You have all been so unbelieveably welcoming and warm. I have also learned to LIKE all the weird sports you call football. As in touch, league, union and aussie rules. But relax, the real football is still my favorite, and I doubt that'll change.

I have now been away from all that I had ever known for 108 days. Can you imagine leaving your life for a whole year? It has been tough, but I'm trying to enjoy this year the best I can. As the warmth is sneaking up on me (I currently think this is the perfect temperature) I look forward to nearly dying in the heat of the Aussie summer, and all the amazing adventures I have ahead of me. Thank you all for making this year incredible!

 

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

1 kommentar

Rotary Markets

Skrevet 20.10.2014 klokken 07:17 | Kategori: Australia | Kommentarer: 1


Hei alle sammen!

No er det ei lita stund sida sist, og det har egentlig skjedd veldig lite sida då.

Skulen har byrja på igjen, noko som egentlig er ganske deilig. Då eg tek både R1-matematikk, fysikk og kjemi, i tillegg til å prøve å halde følgje med historie og norsk heime OG ta spansk i Distance Education, så kan det bli litt slitsomt til tider. Eg kjem meg heldigvis gjennom det, og det er deilig å vite at eg ikkje må ta opp igjen VG2 når eg kjem heim igjen. Det er egentlig det som held meg gåande i timane. Det er også veldig vanskelig å lære seg alt heilt sjølv til tider, så nokre gonger er eg litt bekymra om at eg kjem til å kome heim igjen uten den kompetansen eg må ha til å kunne fullføre og få gode karakterar i VG3. Samtidig har det gått ganske fint, så eg trur ikkje det vil bli nokre veldig store problem egentlig.

Tilbake til overskrifta - på laurdag hadde eg min eigen stand på markedet! Eg tok meg fri frå skulen på fredag for å bake. Eg baka fylte horn, bollar, skulebollar, kanelsnurrar, mormor sine karamellkjeks, julemannar og kvæfjordkake. Mange av desse tinga hadde eg aldri laga før, men eg overraska meg sjølv virkelig og resultatet blei faktisk veldig bra.

Eg brukte vel sikkert 58$ på ingredienser og diverse, så målet var vel egentlig å få meir enn det for faktisk å tjene litt på det. Då dagen var ferdig og vi telte opp pengane kom vi fram til at eg faktisk hadde fått inn heile 210$ (ca 1200kr), og det på berre 4 timar!!! Eg tjente altså ca 900kr som går rett i sparegrisen til safari. Dagen var altså en suksess, folk hadde kun gode tilbakemeldingar, og eg kjem definitivt til å gjere det igjen så snart eg kan.

Neste gong trur eg blir første helga i desember, så difor skal eg lage til eit skikkeleg norskt julekakebord.

I dag er det faktisk berre 65 dagar til familien kjem, og eg gledar meg sinnsjukt masse. Blir veldig deilig å få familien ned hit for å feire jul, nyttår og 18'årsdagen min (ei veke på forskudd). Eg har også vore her i 89 dagar. Heilt sjukt kor fort desse 89 dagane har gått. Snart har eg vore her i heile 100 dagar!

Første helga i november er det Classic Yass her i Yass. Same helga var det egentlig Tumut Weekend med dei andre utvekslingsstudentane, men sida det er Classic Yass og Tumut kostar 70$ valgte eg heller å spare desse kronene. Interactklubben i Yass (som eg faktisk har blitt internasjonal direktør i) har også masse å gjere, så difor skal eg heller bli heime. Der er også eit Billy Kart Derby (olabil-løp) som vi i Interact både skal hjelpe til med, intervjue deltakere og kanskje også delta i, og då må jo eg såklart vere med?!

Det er vel egentlig det eg har å kome med foreløpig trur eg.. Så snart som mogleg skal eg også skrive eit innlegg om forskjeller eg har funne mellom Australia og Norge :)




. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

1 kommentar

hits